Laster Hendelser

« Alle Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Kommunen – drivkraft for folkestyre og utvikling

18. februar, 2017 @ 13.0014.00

facebook_event_1392269244179864

Over 200 folkerøystingar og ca. 2000 folkemøter har blitt gjennomført i Norge dei siste par åra. I langt dei fleste kommunane er det motstand mot samanslåing,, mens 90 kommunar ønskjer det. Uansett: Folk flest forstår verdien av å bestemme lokalt framfor å bli «fjernstyrt», mens toppsjiktet innan politikk, administrasjon, forsking og næringsliv leiar an i kampen for å få færre kommunar.

Kva er det kommunereformen dreier seg om? Kan forskinga bidra med kunnskap og råd i desse omstridde spørsmåla? Ved UiT Norges Arktiske Universitet har det sidan 1970-talet vore forska på nordnorske, norske, nordiske kommunar – og kommunar i Russland og Canada.

Forskingsgruppa Local Democracy Research ved «nye» ISV tar for seg både det entreprenørske ved kommunen, velferdskommunen, den distriktspolitiske betydninga, men ikkje minst kommunen som arena for demokrati og det eg vil kalle ei unik kunnskapsdanning.

Samla sett er det vel ingen enkelt institusjon som har hatt så stor og vedvarande betydning for samfunnsutviklinga, som kommunen. Over tid har den vist fleksibilitet og evne til å auke sitt handlingsrom og ressursgrunnlag langt utover det kommunebudsjettet skulle tilseie.

Det vi ofte gløymer i denne fortellinga, er tal som 10561 og 55.000. 10561 kvinner og menn sit i dagens norske kommunestyre, men det var ca 55.000 som så seint som i 2015 kjempa om desse plassane. Ved å bruke universitetsspråk kan vi litt uhøgtidleg seie at det er fem gonger så mange søkjarar som det er studieplassar på dette eineståande, fireårige deltidsstudiet.

Kom på eit interessent føredrag med professor Nils Aarsæther ved UiT Norges arktiske universitet.
Me sjåast på KulturHuset i Tromsø 18.02 kl. 13.00!

Facebooktwittergoogle_pluspinterestlinkedintumblrmailFacebooktwittergoogle_pluspinterestlinkedintumblrmail

Detaljer

Dato:
18. februar, 2017
Tid
13.00–14.00

Arrangør

Lørdagsuniversitetet

Sted

KulturHuset i Tromsø
Erling Bangssundsplass 1
Tromsø, 9008 Norway
Telefon:
+4777791666